Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
Historia om Rust Club & Scene
Opninga
Det var mange forventningsfulle sambygdingar som stod utanfor den store kvite murklossen i eit smug ved kaia i Ørsta, 21. juni 2002. Innanfor dørene til Rust club & scene venta eit stilfullt konsertlokale, og Popium med Frank Hammersland i spissen stod på scena klare til å halde opningskonserten på Rust.
Sidan den gongen har publikum i Ørsta og omeign fått servert noko som aldri har vore daglegkost i bygda på Sunnmøre: ei aktiv konsertscene med store artistar frå både inn- og utland, i tillegg til eit variert kulturprogram som har innebefatta både revy og cabaret, stand-up og filmklubb, jam og diskotek, festival og dans. Nettopp dette mangfaldet, ei spennvidde i arrangement som ivaretek interessene til både unge og gamle - og dei midt i mellom, er noko som har gjennomsyra denne kulturinstitusjonen heilt frå byrjinga av. Dei fleste musikksjangrar har vore representert på scena, med alt ifrå energiske pop- og rockekonsertar til stemningsfulle intimkonsertar. Både små - ukjende artistar har stått på scena i tillegg til dei store kjende namna, og unge og lovande spirar frå eit levande lokalt musikkmiljø har fått prøve seg, såvel som gamle heltar som har gjort etterlengta comeback.
Store namn
Allereie første hausten kunne Rust skilte med store og tidsriktige namn som Kaizers Orchestra, Gåte, Gluecifer og Jaga Jazzist - til stor begeistring for unge vaksne, som hadde hatt lite av slike tilbod i heimbygda tidlegare. Jamvel rockeheltane i bob hund tok turen til dei grisegrendte stroka på Sunnmøre - heilt ifrå Sverige! Men Rust skulle ikkje berre vere ein stad for dei unge. Visesongaren Jan Eggum, Ole Paus, åge Aleksandersen og den lokale Hovderevyen sørga for å samle både ung og gammal.
Utviding
Dei følgjande åra vart det meir, og enda meir av same sort. Etterkvart såg Rust potensialet i eit såpass breidt klientell, og utvida klubben med først ein minibar, og seinare også ein pub med det treffande namnet Svalbar. Her skulle det som namnet tilseier vere ei litt "svalare" atmosfære, der dei vaksne kunne nyte kjende låtar frå profesjonelle pianistar, trubadurar og anna "vakse" musikk - eller berre slå av ein prat, utan dundrande disco- eller rockemusikk omkring seg. Minibaren kunne ha ope medan Rust og/eller Svalbar var stengd, og til dømes vise fotballkampar på storskjerm.
Dei tre avdelingane har fungert både kvar for seg og samla. Det har også vore arrangert både Ørstafestival, rust::rock, ute-dans og cabaretframsyning på stor utescene, der kaia har vore fylt opp med opp imot eit par tusen menneske som fritt kunne vandre mellom dei tre avdelingane.
Alt i alt har Rust vore ein stad for alle, noko som har gitt Rust fleire prestisjefylte prisar, Rust deler desse med alle som har lagt ned store porsjonar dugnadsinnsats, og godvilje, bade private, næringsdrivande og kommune. Utan desse ville Rust ikkje vore det det er i dag.
Ikkje berre publikum, men også artistane, har mykje fine ord å seie om den no kjende klubben. Rust har opparbeidd seg ei solid merittliste over konsertar og arrangement med store artistar, noko det omfattande biletgalleriet vitnar om.
Ei takk til gjestane
Ein stor takk til publikum og sambygdingar som har støtta oss frå fødselen og hatt trua på ei konsertscene "der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Velkome (att) til Rust Club & Scene!

