Cinema Paradiso, Filmframsyning

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 07.05.03

Stjerne Type: Filmframsyning


Rørande hyllest til småkinoen.
Det oppstår eit nært vennskap mellom Salvatore og byens kinomaskinist, Alfredo. Det blir etterkvart Salvatore som må drive den lokale kinoen, då Alfredo blir blinda i ei arbeiduslykke. Salvatore veks opp og forlét landsbyen, men klarar ikkje å gløyme sin opprinnelige læremeister. Etter 30 år har han lykkast å bli ein stor filmskapar, då han får nyhendet om Alfredos død. Ei reise attende til heimbyen vekkjer til live alle dei minna han har freista å fortrengje, men det viser seg at Alfredo har etterlatt han ei overasking som gjer alle hans bestrebelsar verdt.
Cinema Paradiso er ein rørande hyllest til dei mange småkinoane som før i tida skapte glede og filminteresse rundt om i utkantstroka i Italia. Det er også ein hyllest til filmmediets diskrete heltar; kinomaskinistane, som i gamle dagar til og med måtte setje livet på spel for å la filmbiletet kome til liv. Sist, men ikkje minst er filmen eit varmt og kjærleg bilete av en farlaus guts nære vennskap til ein aldrende kinoarbeidar, filma på ein måte som aldri hadde lete seg gjere noko annan stad enn i Sør-Italia. Cinema Paradiso er på mange måtar ein påminnar, blant kjas og mas om sentralisert kinopolitikk, voldsfilmar og kyniske kritikarar, om ikkje å gløyme noko av filmmediets opprinnelege hensikt: nemleg å røre ved kjenslene hjå folk og skape glede. Filmen vant juryens spesialpris i Cannes i 1989.


Pil Til lista for tidlegare arrangement