Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
KOLABRUISE

Dato: 16.12.11
Type: Konsert
Desse karane er nok godt kjende i musikkmiljøet i Ørsta, men ikkje under det nye bandnamnet: KOLABRUISE. Bandet sjølv hevdar hardnakka at alle likar kolabruise.
17. mai i år gav dei ut sin debut-EP, BRUISE MACHINE, og etter konsertar i Oslo og RaumaRock ser dei no fram til å spele på heimebane. Spesielt gler dei seg til å presentere låtar som er heilt nye for Ørsta-publikumet. KOLABRUISE legg opp til eit heftig og fargesprakande show, med eigen VJ til å fargeleggje scena med visuelle effekter og fargar. KOLABRUISE oppmodar også publikum til å kle seg i fargar denne kvelden, og såleis bidra til at kvelden vert eit fyrverkeri av fargar og eksplosiv musikk!
Følg, lytt og sjå KOLABRUISE på våre nettsider:
kolabruise.com
facebook.com/kolabruised
twitter.com/kolabruise
myspace.com/kolabruise
soundcloud.com/kolabruise

