Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
Skambankt

Dato: 23.10.10
Type: Konsert
SKAMBANKT TILBAKE MED NY SINGLE OG NYTT ALBUM!
Etter eit hektisk 2009 og suksess med albumet Hardt Regn, som debuterte topp 5 på VG lista og massiv turnering i inn og utland, oppvarmarar for AC/DC på Valle Hovin og ein legendarisk konsert under fjorårets Roskilde Festival som nokon av høgdepunkta, er Skambankt klar med ny single og nytt album. Det er bandets første utgitt med Columbia Records / Sony Music og er produsert av bandet sjølv i Athletic Sound Studio i Halden.
Første singelen frå det komande albumet har fått tittelen Mantra.
"Vi fant for alvor formen da vi spilte inn "Hardt Regn" i 2008. Vi har fortsatt der vi slapp, og Mantra gir en god pekepinn på hva som kommer. En ny kraftfull, svingende, hissig og melodiøs rockebastard er på vei. Vi gleder oss!"
-Terje Winterstø Røthing, vokalist
Skambankt kjem fra Jæren i Rogaland og blei stifta i 1994. Bandet hadde enkelte spelejobbar som trio før dei blei oppløyst i 1995. I 2003, begynte dei å spele saman igjen og året etter ga dei ut sitt selvtitulerte debutalbum, Skambankt. I 2007 kom oppfølgaren Eliksir etterfulgt av eit år med turnevirksomheit i Norge og Danmark og festivaljobber blant anna på Quartfestivalen, Øyafestivalen og Malakoff Rockfestival. Hauten 2008 spelte dei inn sitt tredje album, Hardt Regn, i Bekkstudio på Nærland i Hå kommune. Hardt Regn var nominert Spelemannsprisen kategorien årets rock album i 2009.
Som eit av Norges mest hardtarbeidande band har Skambankt sakte med sikkert bygd seg opp, med eit gradvis større publikum i ryggen og er tilbake med nytt studioalbum og omfattende turnè høsten 2010!
Sjå dei live på Rust Club & Scene laurdag 23. Oktober!
Skambankt er :
• Terje Winterstø Røthing – vokal, gitar
• Hans Egil Løe Abelsnes– gitar
• Tollak Friestad – bass
• Børge Henriksen – trommer
Billettsalg i døra. Dørene opnar 21.30
http://www.facebook.com/event.php?eid=131038546947222
www.skambankt.com

