Klypa - Laaangt over streken

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 24.09.10

Stjerne Type: Revy/cabaret


Som vanleg er ørstingane priviligert og får oppleve Klypa sitt flunkande nye show først på Rust Club & Scene!

 

Dette er det sjette showet i rekkja. Denne gongen har Kjellen prøvd seg på campinglivet, Palle gjer sitt beste for å få tilbake sertifikatet han har mista og Strila-Petter har byrja som krabbefiskar. Tradisjon tru går ikkje dette smertefritt føre seg. Som vanleg er livet og kvardagen ei stor utfordring for karakterane i Klypa.

 

Etter 19 månadar på kryss og tvers i Noreg og meir enn 40.000 selde billettar er Klypagjengen klare med meir galskap. Klypa har fått ein stor tilhengjarskare rundt om i heile landet, noko som gjenspeglar dei 4 millionar nedlastingane på YouTube. Med det nye showet, som har fått tittelen "Laaangt over streken" har Klypa som mål å nå ut til eit enda breiare publikum. Det har vore gjort store tekniske investeringar for å gjere opplevinga for publikum enda eit hakk betre og showet komplett.

 

Du har ALDRI sett Kjellen, Palle og Strila-Petter i betre form. Så løp & kjøp eller som Kjellen ville ha sagt det: " Her e me seint ute allereide!!! "

 

DØRENE OPNAR KL 20.00 - SHOWSTART KL 21.00

BILLETTAR KJØPER DU HER

www.klypa.net



Pil Til lista for tidlegare arrangement