Woodleg Odd

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 21.05.10

Stjerne Type: Konsert - Blues


Woodleg Odd er omsider heime etter ein tre vekers turné i USA, og er no klar for ny konsert på Rust fredag 21/5 !

Lanseringsturnéen i California har sett sine spor i karane, for samtlege plassar dei spelte var mottakinga over all forventning. Spørsmålet publikum og arrangørar stilte var når bandet kjem tilbake, slik at det ligg an til ny USA-turné til hausten om alt går etter planen.

Woodleg Odd lanserte si nye plate ”One Step Ahead” og deltok i fleire radioshow i tillegg til ei rekke konsertar i m.a. San Francisco, Santa Cruz, Sacramento, San Hose og Los Angeles.

Bandet har i år 10-års jubileum og har aldri vore i betre form ! På konsertane presenterast både gamle og nye låtar frå dei 5 platene, men ein konsert med Woodleg Odd byr alltid på overraskingar. Dette kan vere i form av nye eigne låtar eller killer coverlåtar av artistar som m.a. Robben Ford, Stevie R. Vaughan og Scott Henderson.

Det ryktast frå USA at Odd ”Woodleg” Lie briljerer med trommesolo på trefoten sin igjen så her er det duka for ein kveld med musikalsk variasjon og prestasjonar på høgt internasjonalt nivå, blanda med solide doser speleglede og humør !

 

Med i Woodleg Odd er Odd ”Woodleg” Lie på trommer og trefot, gitarist Frank Utgård, Adam Douglas vokal / gitar og bassist Arne Moe. 

 

Billettsalg i døra. 


Pil Til lista for tidlegare arrangement