SPON ROCK 2010

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 22.05.10

Stjerne Type: Festival


H E Y, S P O N !

22. mai brakar det laust ved kaia på Rust. SPON hadde sin debut 29. august i 2009, då ved RUFO i Hovdebygda. Omkring 500 personar trassa regnet, gav alt og koste seg glugg i hel!

I år har Ørsta Rock lokalisert festivalen til smuget ved Rust Club & Scene i Ørsta, og arrangerer festivalen i samband med årets Amcar-treff. Med Lillasyster og Black Debbath øvst på plakaten, så burde festivalen allereie vere ein suksess - dette veit vi blir bra! 

Spon RockFestival er ein årleg festival som leverer kvalitetsrock frå fjern og nær til publikum i Ørsta og omeign. Festivalen er i regi av Ørsta Rock, som vart skipa i april 2009, med eit formål om å vere ein bærebjelke for rockemiljøet i regionen vår.


Spon 2009 var den fyrste festivalen i rekkja og det vart ein dag som vil sitje i som eit svært minne for alle dei som var der. I år flyttar vi festivalen til sentrum, og samarbeider med Amcar-klubben for å kunne tilby publikum ei enda betre oppleving. Vi føler at vi har teke eit stort steg framover når vi i år kan tilby enda fleire store navn, i tillegg til at vi også er formålet tru og presenterer det beste av det vi har å by på lokalt.

Dette blir rett og slett ein kanonbra opplevelse, og vi i Ørsta Rock gleder oss uhemma til å få dele den med publikum!

Programmet:
• Lillasyster 
• Black Debbath 
• High Voltage m/Petter Baarli 
• Heartbrekkers 
• The Clinton Experience 
• Stingray 
• Sibir 
• Exposed to Failure 
• Brødrene Løwenstierne 

www.sponrock.no 

Kjøp billettar her


Pil Til lista for tidlegare arrangement