Klypa og bryggedans

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 19.06.10

Stjerne Type: Festival


Laurdag 19. juni vert det for sjette året på rad arrangert folkefest på kaia utanfor Rust. Alle som har sett eller høyrt om Klypa vil no få sjansen å sjå dei att under open himmel. I år stiller også suksessbandet Listen to The Band som sørgjer for god stemning etter Klypa-showet.

 

Porten opnar kl. 20.00
Klypa kl. 21.00

 

Klypa har blitt eit fenomen i humor-Noreg. Det som byrja som ein hobby for nokre kamerater frå Ørsta har teke heilt av på nordvestlandet. No har resten av Noreg fått augo opp for Klypas humor og filmane på YouTube er eit tydelig bevis på akkurat det, med over tre millionar treff. Siste showet har selt meir enn 30.000 billetter rundt om i landet. Klypa DVD'en som kom ut rett før jul knuste også alle forventingar og selde til gull etter berre 4 veker i sal.

 

Listen to the Band spelar musikk du har lyst å høyre, sjølv om du ikkje veit det før låta er i gong. Bandet består av kjende og dyktige musikarar rundt om frå Sunnmøre. Siggen Follestad på gitar og vokal, Jan Gunnar Åkre på tangenter og kor, Frode Sundnes på trommer og Atle Braute på bass og kor. Du risikerer å finne deg sjølv dansande til smektande ballader frå 80- og 90-talet til langt på utpå sommarnatta.

 

Som alle andre Laurdagaer vert det DISCO inne. Rust DJ's syt for den beste dansemusikken

 

Gjer deg klar for årets happening!

 

Kjøp billettar her!


Pil Til lista for tidlegare arrangement