Ørsta Rock: BREED

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 19.03.10

Stjerne Type: Konsert - Rock


Fredag 19. Mars kjem endeleg Breed attende til Ørsta for å spele på Rust Club & Scene. Dette er bandet som gav oss ei hardslåande opninga på fjorårets Spon RockFestival, og Ørsta Rock har i ettertid fått mange førespurnadar frå folk som ynskjer å få høyre dei igjen.

Medlemmane i bandet kosa seg stort under førre besøket i Ørsta, og er innstilte på å gje publikum på rust ei oppleving som skal sitje i lenge.

Med i bandet er Damage karlsen på gitar, Maurice Adams på vokal, Max Mowinckel på bass og Tommy Kaare på slagverk. Bandet har nett vore i studio og spelt inn si andre plate. Denne kjem til sommaren, og fram til den tid skal Breed reise rundt og lage bakoversveis på alle som møter opp og vil høyre.

Ørsta Rock er stolt over å kunne få vere fyrste nedlagsfeltet for dette bombardementet av ekte hardtslåande rock som no skal reise over landet.

Til å varme opp for sjølvaste Breed har vi fått knutt til oss eit av dei mest spennande unge banda som er på vei opp og fram i regionen vår: Amuse.
I Ørsta Rock si rette ånd gir vi desse fire unge karane fritt leide, og veit at dei vil gjere jobben med å setje publikum på Rust i den rette stemninga. med i Amuse er Mathias 'McLovin' Blichfeldt på bass/vokal, Thomas Vinjevoll på gitar/vokal, Henrik Blichfeldt på gitar/vokal og Tore Ørstavik på trommer/vokal.

 

Billettar selgast i døra.


Pil Til lista for tidlegare arrangement