Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
ØRSTA ROCK: PÅSKEROCK

Dato: 02.04.10
Type: Konsert
Ørsta Rock: PåskeRock!
Jamkveldane på Rust har vore ein tradisjon i mange år, og påskerocken(og julerocken) i fjor var ein gedigen suksess - rockarar frå både nær og fjern stod i kø backstage for å sleppe til på scena!
Dette resulterte i eit stort mangfald av innslag på scena, både innøvde nummer frå etablerte musikarar, men også spanande improvisasjonar frå spontane konstellasjonar. Ein ting er i alle fall sikkert: dei som var på påskerock og julerock i fjor vil hugse denne kvelden som den desidert kjekkaste kvelden i påska og romjula - kanskje ein av dei kjekkaste kveldane i heile 2009!
Med dette ser vi storvegs fram til årets PåskeRock, og vil herved oppmode ALLE ørstingar og voldingar med ein rockar i seg til å bidra til at denne kvelden ikkje berre vert kjekkaste kvelden i påska i år, men at Ørsta Rock sin PåskeRock vert ein tradisjonsrik suksess kvar einaste påske i åra som kjem!
Billettsalg i døra. 100kr for medlem. 150for ikkje-medlem

