Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
Juleblues m. BobBarkerBluesBand

Dato: 30.12.09
Type: Konsert - Blues
Det vert juleblues med BobBarkerBluesBand etterfølgt av ein heftig julejam!
BobBarkerBluesBand:
Eit bluesband med svært erfarne medlemar. Tilsaman over 100 år aktiv musisering og deltaking på 10-15 plater /cd - utgjevingar
skulle vel tilseie at her kan det meste skje. Dette er ikkje
detaljarrangert - her vert det lagt stor vekt på at medlemane si
varierte erfaring skal gje publikum ei oppleving som ikkje er lik på kvar speling.
Dette skal vere friskt, overraskande og ha masse humor. Her kan alt skje. Bandet blandar gamalt og nytt og lagar versjonar med stor respekt for den opprinnelege bluesen.
Blues-puristar får sitt - det får også dei som likar meir "moderne "
blues. Med eigne låtar og rykande versjonar av låtar av t.d., Albert, Freddie og B.B.King, Robert Johnson, Little Walter, Jimmy Reed, etc.
Etter konserten vert det JULEJAM med gjester frå bluesmiljøet på
Sunnmøre. Bratt, blått og heftig... vi gledar oss!
Billettsalg: i døra

