Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
ØRSTA ROCK: Heartbrekkers & Fatty Sunroad

Dato: 04.12.09
Type: Konsert
Det er ikkje berre skifolk som arrangerer X2. Ørsta Rock startar adventen med ein dobbelkonsert på Rust, fredag 4. desember.
På scenen står to av dei største publikumsfavorittane frå årets Spon RockFestival -Heartbrekkers og Fatty Sunroad. Førstnemnde spelar det grommaste av effektiv grønsj og rett fram-rockemusikk, som Foo Fighters, Pearl Jam, Alice in Chains, Soundgarden og Nirvana, framført av ei heilstøpt knippe erfarne musikarar frå band som Plym og Stingray. Fatty Sunroad er i vinden for tida og spelar mellom anna i Trondheim i slutten av oktober. Dei definerer musikken sin som partyrock, og kva er vel betre ein fredagskveld enn fest + rock?
Heartbrekkers
Alle scener og alle stader der meir enn 1000 menneskje bur, har ei
eiga supergruppe, og Ørsta er intet unntak. Aff (gitar), Stis (vokal), Brekkers (bass), Jossi (gitar) og Peggs (trommer) er alle erfarne musikarar med lang fartstid i miljøet på Søre Sunnmøre, og går ikkje av vegen for å slå eit slag for gamle klassikarar. Heartbrekkers er noko så sjeldent som eit coverband i festivalklasse, og går hardt ut for å forsvare grunge og stonerrock i ein malstraum av boogie og hardrock, og vil presentere musikk frå både Pearl Jam, Alice in Chains, Nirvana, Foo Fighters og Soundgarden.
Meir Heartbrekkers: http://www.myspace.com/heartbrekkers
Fatty Sunroad
Fatty Sunroad såg dagens lys vinteren 2008, og har sveitta ut musikk sidan. Odd Magne Brautaset (bass), Aleksander Goksøyr (vokal/munnspel/rytmegitar), Audun Håberg (gitar) og Martin Sørvold (trommer) møttes som studentar i Volda og fann ein felles kjærleik i alle fine ting, til dømes: sirkus, Grethe Waitz, Peru, øl, 1968 og helsetrøye, og spelar “nymotens Tivolimusikk i ein saus av pur glede”. For oss med avgrensa kjennskap til dagens mote innan musikk for familieparkar kan vi gjerne kalle det Festrock, Gliserock ellerDanserock, for dette lovande ensemblet oppfordrar til ukontrollert fest, glising og dans!
Meir Fatty Sunroad: http://www.myspace.com/fattysunroad

