Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
Ørsta Rock: Gentle Groove

Dato: 06.11.09
Type: Konsert
Beklageligvis er relativt mange av oss så unge at dei gjekk glipp av eit av dei største musikalske høgdepunkta I musikkhistoria: Det Legendariske britiske bandet Led Zeppelin. På berre tolv år gjorde dei meir for Rocken enn det Willie Nelson har gjort for Country gjennom femti år – og oppnådde tilnærma gudestatus for kulturelle storverk som ”Whole Lotta Love”, ”Kashmir”, ”Immigrant Song” og sist, men ikkje minst, eposet ”Stairway to Heaven”.
Det er ikkje til å skyve under ein stol at alle som engasjerar seg innan rock i våre dagar har ein liten dose Zeppelin I seg – og har mykje å takke dette bandet for. Ikkje minst vi I Ørsta Rock veit kor mykje Zeppelin har betydd for Rockehistoria, og det er ingenting vi heller vil enn å ha Led Zeppelin på ei scene I Ørsta.
Dette er dessverre MEGET vanskelig.
Men, heldigvis er Norge velsigna med fem flotte mannfolk som har gjort det til si livsoppgåve å supplere folket med Led Zeppelin av høg kvalitet: det svært spesialiserte og eksepsjonelt dyktige Tributebandet Gentle Groove. Mange av oss har fått med seg dette kraftensemblet før, og veit at dette lovar særs godt for ein fabelaktig kveld – med eit band som er så gode at dei har varma opp for sjølvaste Deep Purple.
Ørsta Rock er opptatt av å by på kvalitetsmusikk frå kvalitetsmusikarar til kvalitetsmenneske, og Gentle Groove er meir eller mindre Definisjonen på dette. Mine damer og herre, dudes and babes, det er duka for ein orgie av god årgangsrock av ypperste merke levert av spesialistar på området, ein kveld med langt hår, trange jeans og rytmiske bevegelsar opp og nedad stolpe og den høgaste allsangfaktoren sidan Ja Vi Elsker på 17.Mai! Møt opp - Ramble On!

