Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
ØRSTA ROCK: Ribozyme & Chasm

Dato: 18.09.09
Type: Konsert
Av alle såkalla undergrunnsband i Norge, er Ribozyme kanskje det som fortener mest å bli hørt. Med over ti års eksistens, fleire hundre konsertar på samvitet - inkludert turnéar i m.a. England, Tyskland og Nederland, og 3 album som alle hausta gode kritikkar i inn- og utland, har dei no slept Monsterskiva “March of Crime” (terningkast 6 i musikkmagasinet Plan B) og gjestar Rust for første gong.
Mange av oss har allereie fått med oss Ribozyme på forskjellige arrangement i Volda og Ørsta opp igjennom åra, og også høyrt dei mykje på P3 når dei no var Ukas Urørt, og vi veit kva vi får: Eit band som framkallar ein LiveTsunami av melodisk, raffinert rock av ypperste merke, med ein nerve og hjerterytme få andre band kan matche - eit band Uka i Trondheim omtalar som “Norges mest lovende Rockeband”. Dei av oss som har eit forhold til band som Tool, A Perfect Circle og Deftones vil definitivt få oppfylt våre behov - og meir til.
CHASM fekk mange av oss med seg under Spon RockFestival 2009 - og om dei hadde Festivalstyret følgjande å seie:
“Det er mange band her i verda som leverer lyd med stor styrke, men det er få band her i verda som leverer lyd med så stor mengde, slik Chasm gjer det. I bandet si sju år lange historie har musikken utvikla seg frå stilrein rock og blå tonar til eit vegg-til-vegg-teppe av finstemde harmoniar og sarte nyansar, og bevega seg gjennom rocken og ut på den andre sida, eit landskap som vanlegvis vert dominert av band som Coldplay og Mew. Dei spelar melodisk, sofistikert rock med kirurgisk forsiktigheit og rå kraft.
Chasm er eit gamalt band med ny besetning, som lagar musikk for store scener, mørke kveldar og eit publikum som vil ha både i pose og sekk - eit band som ikkje skal høyrast, men nytast, med lukka auge og gåsehud.”
Med andre ord, godtfolk: Ei oppleving sterkare enn Fernet, meir intenst enn ei rettsak i Kongo, og tyngre enn samtlige deltagarar i Slankekrigen! Ribozyme og Chasm har kollektivt garantert at det skal ligge istappar over ryggrada di når dei går av scena på Rust Club & Scene!

