Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
Elvis på Rust!

Dato: 17.08.09
Type: Konsert
I sammarbeid med Ørsta kulturhus inviterer Rust Club & Scene til Elviskonkurranse på Rust måndag 17. august kl 18:00. Vinnaren får opptre på framsyninga ”LET IT ROCK” saman med m.a. Frode Alnæs m.fl. på Ørsta kulturhus 27. September.
Deltakarene skal velje ut 2 songar til konkurransen. Ein Elvis-låt + ein låt frp 50, 60 eller 70-talet (ikkje Elvis-låt).
Arrangementet er open for publikum. Vi ber folk møte fram og heie fram sin favoritt!
LET IT ROCK! gir deg minna og musikken frå 50,60 og 70-talet, med nokon av våre sterkaste norske rockenamn på scena. Bli med på ei tidsreise gjennom musikken som definerte ein heil generasjon, bli med på å lage historie, bli med på ein kveld med rein rock ’n’ roll-magi! Turneen kjem til Ørsta søndag 27. sept - kanskje du også står på scena?

