SIDE BROK SLEPPEFEST

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 25.04.09

Stjerne Type: Konsert


SIDE BROK SLEPP DEN NYE PLATA "EKTE MENN".

Etter år og månadar med svart jobbing og skumle takter er Side Brok på veg opp frå undergrunnen igjen! Laurdag 25. April kjem dei til overflata med blodferskt låtmateriale og held sleppefest på Rust.

Thorstein Hyl er tilbake i storform for å slenge drit i låtar som luktar av totempæl og manndom, og Spellemann-nominerte Skatebård er tilbake med eller utan bar overkropp. Sjef R trur han har funne seg sjølv og han er ikkje skjemd av det heller.

Side Brok lovar å tilfredsstille alt den gode fanskaren måtte ha av våte draumar, og dei varslar dessutan eit solid knippe gamle slagerar under det som kan bli eit av vårens definitive konserthøgdepunkt blant dei gamle fjell.

Ein dokumentarfilm om Side Brok sitt drøye 5 år lange livslaup er på trappene og skal visast i Nrk i løpet av året.

Etter konserten vert det som alltid disco.

BILLETTAR SELGAST I DØRA!!


Pil Til lista for tidlegare arrangement