Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
KLYPA 2009 & BRYGGEDANS m. WOODLEG ODD

Dato: 27.06.09
Type: Festival
Laurdag 27. juni vert det for femte året på rad, arrangert folkefest på kaia utanfor Rust. Alle som har sett eller høyrt om KLYPA - vil no få sjansen å sjå dei att ute under fri himmel. I år stiller også suksessbandet: WOODLEG ODD- så her vert det slått i hop to og to fluge slik Strila-Petter ville sagt det.
KLYPA har blitt eit fenomen i humor-Norge. Det som begynte som ein hobby for nokre kamerater frå Ørsta har tatt heilt av på nordvestlandet. No har resten av Norge fått augene opp for Klypa`s humor og filmane på YouTube er eit tydelig bevis på akkurat det. Meir enn 2 millionar har sett filmane med karakterane Palle, Kjell "Kjellen" Bigset og Strila-Petter. Klypa er bygd opp av 4 kameratar utan eit profesjonellt management og midlar.
Thomas N. Ryste blei i Mars tildelt Latterstipendet 2009. Dette er ein pris som Latterfestivalen i Molde delar ut til komikarar "på vei opp".
I år har Klypa 5-års jubileum og det nye showet har gått for fulle hus i Ørsta , Ålesund og Bergen sidan Februar. (23 utsolgte!!)
WOODLEG ODD er klar for sommarens store høgdepunkt i Ørsta. Kombinasjonen av show med Klypa og Woodleg Odd har lenge vore høgt på ønskelista for mange, og endeleg skjer det altså midt i Ørsta sentrum på utescena ved Rust.
Bandet har vore på ein meir eller mindre samanhengande lanseringsturné sidan CD’en ”One Step Ahead” vart lansert i april. ”One Step Ahead” er bandets første plate med amerikanaren Adam Douglas som vokalist og frontfigur. Kombinasjonen av tre trauste sunnmøringar og ein cowboy frå steppene i midt-vesten har resultert i ei plate med musikalsk innhald av høgt internasjonalt nivå, og har ført bandet eit stort steg vidare.
Frå utescena ved Rust vil publikum først få trimma lattermusklane til bristepunktet med Klypa show, for deretter å få servert nye og gamle låtar med Woodleg Odd. Alle er i kjempeform for tida og vil sørge for å gi publikum valuta for pengane. Ein komplett kveld med både solide doser humor og musikalske krumspring av absolutt ypperste klasse. Klypa startar presis kl. 21.00 og Woodleg Odd spelar etter showet til kl. 02.00. Rust DJ´s diskar inne.
Meire info:
Billettsalget har starta på www.billettservice.no, posten, narvesen og 7-eleven. OBS! begrensa antal bill. i år.

