Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
JULEROCK

Dato: 19.12.08
Type: Konsert
JULEROCK MED STINGRAY OG AFTERBIRTH!!
Dette vert ein kveld med rockefot, der to rockeband frå ørsta/volda syt for eit skikkeleg "jule-spark" bak.
Stingray er eit band frå Ørsta som blei danna sommaren 2007. Etter ein smakebit på jule-jammen i fjor då under namnet Dirty Dogs, er dei no klare for julerock på Rust. Inspirert av AC/DC, Backstreet Girls og Gluecifer, spelar dei sjølvlaga beinhard rettfram rock`n`roll som sparkar hardt uten å unnskylde. Bandet består av Kåre Myklebust frå High Voltage, Jossi frå Wasted, Odmund Berg frå Propagation og Kenneth Busch frå pumpebassland.
Afterbirth: Låtskrivarduoen Jens Olav Dankertsen og Jon-Eirik Boska har arbeida med Afterbirth utan avbrot i sju år, og med 60 låter - dei aller fleste dokumenterte med studio-innspelinger - har dei utvikla ein nesten telepatisk kommunikasjon i komposisjonsprosessen. Afterbirth har vore ein trio sidan bassist Daniel Klepp blei medlem i bandet vinteren '06, og på sine turnéar rundt heile Noreg i 2007 fekk bandet vist seg som ei eksepsjonell live-oppleving på mange av landets mest annerkjente rockescener, med ein intensitet, energi og eit ambisjonsnivå som vil fortsette å definere retninga til bandet.

