TRANDALBLUES m. GASPILOT OG JAM

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 12.12.08

Stjerne Type: Konsert


Konsert og jam med GasPilot startar med konsert og og lagar ein mjuk overgang til jam frå ca 00.30.

 

I November vart Trandalblues på Rust arrangert for første gong. Det vart ein stor suksess med eit par hundre sveltefora gjester. Gjengen bak Trandalblues – bratt og blått –  konseptet, har starta med månadlege arrangement på Rust Club & Scene i Ørsta. Før årsskiftet vert det tre Trandalblues-kveldar på Rust. Vi samarbeider mykje med musikarane i bluesmiljøet i Ålesund. Gjennom Ålesund bluesklubb vil vi få gjester derifrå både til jammekveldane og til dei reine konsertkveldane.

– Vi ynskjer å byggje opp eit miljø i Ørsta der vaksne kan gå ut for å høyre på musikk. Det vert ein slags bluesklubb i utvida forstand, der den blå tonen heile tida er i sentrum. Den 12. Desember, vert det andre arrangementet i rekkja og det med musikarane i Gaspilot som vertar.

- Vi gjer dette fordi vi saknar eit utetilbod for vaksne i Ørsta. Det gjeld både for oss som musikarar og for oss som publikum.
Gløym gullrekkja på fjernsynet fredagskveldane. Her vert det ei rekkje med edelsteinar seier Kjell Rune Klubbenes.

 


Pil Til lista for tidlegare arrangement