Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
SKAM

Dato: 23.05.08
Type: Konsert
Skam - Voldas musikalske stoltskap.
Skam er avkoket frå studentstaden Volda på Sunnmøre - eit godt innsausa skaband, basert på muntre rytmar og dyriske blåse-temas. Etter oppstarten hausten 2006 har dei teke steget ut av barnekrybba, og bevegar seg no ut mot det ganske land. Med dette meinast det at Skam har hausta særs god kritikk i studentmiljøet i Volda, men ynskjer no å gripe tak i musikkelskarar uttom heimbygda.
Skam består av sju viltre gutar, og ei sjarmerande jente. Øystein Skattebu; trommer. Sigve Kristoffersen; bass. Marius Myrvold; Gitar. Jonathan L. E. Fishel - piano. Øyvind Krøvel; trompet. Ole Martinus Breivik; trombone. Øyvind Hessen; vokal og trompet. Ingrid Sæbø; saksofon

