Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
TRANDALBLUES bratt og blått

Dato: 14.11.08
Type: Jam
Sist sommar vart Trandalblues arrangert for første gong. Det vart ein stor suksess med seks hundre gjester på Trandal for å høyre blå tonar. No vidarefører gjengen bak Trandalblues – bratt og blått – konseptet, og startar med månadlege arrangement på Rust Club & Scene i Ørsta.
– Vi ynskjer å byggje opp eit miljø i Ørsta der vaksne kan gå ut for å høyre på musikk. Det vert ein slags bluesklubb i utvida forstand, der den blå tonen heile tida er i sentrum. Komande fredag, altså den 14. november, vert det første arrangementet. Då vert det jamme-kveld med musikarane i Sunnmøre Baarelag som stamme. Med på jammen vert også musikarar frå det Ålesunds-baserte Jack on the Trade.
Vi samarbeider mykje med musikarane i bluesmiljøet i Ålesund. Gjennom Ålesund bluesklubb vil vi få gjester derifrå både til jammekveldane og til dei reine konsertkveldane.
Før årsskiftet vert det tre Trandalblues-kveldar på Rust. Det vert altså førstkomande fredag, deretter ein fredag før jul, og til sist ein dag i romjula. Då vert det juleblues etter tidlegare konsept på Dublin Pub og Porse.
Vi gjer dette fordi vi saknar eit utetilbod for vaksne i Ørsta. Det gjeld både for oss som musikarar og for oss som publikum.
Gløym gullrekkja på fjernsynet fredagskveldane. Her vert det ei rekkje med edelsteinar seier Kjell Rune Klubbenes.

