HANDYMEN

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 10.10.08

Stjerne Type: Konsert


Handymen er eit nytt band med utspring frå det rike musikkmiljøet i Volda/Ørsta området. Bandet vart starta på ettervinteren 2008 og er fronta av vokalist Knut Eilefsen som vil være kjend for dei fleste som tidlegare vokalist i bluesbandet Woodleg Odd. Det 6 manns sterke ensemblet med er som namnet tilseier røynde handverkarar, men i denne samanhengen legg dei vekt og på det vokale ettersom alle i bandet syng.

Den røynde gjengen har bakgrunn frå ei rekkje ulike band oppigjennom, og Handymen er eit resultat av ei allsidig årelang musikalsk reise. Musikken som vert framført er ei blanding av rock/pop med innslag av country og folk. For dei som er glade i artistar som Bruce Hornsby, Little Feat og The Band vil ein kveld med Handymen være som balsam for sjela. Musikkstilen Handymen presenterar vart fødd på dei store viddene i midt-vesten, men dei lokale musikarane gir stilen ein lokal vri som tilfører bakkar og berg, fjord og fjell.

 


Pil Til lista for tidlegare arrangement