CHASM og SKAM

Bilete av arrangement

Stjerne Dato: 05.12.08

Stjerne Type: Konsert



Bandet "Chasm" kjenner nok mange til frå før, etter at dei varma opp for Heroes & Zeros og delte scene med Afterbirth på Rust i fjor. Chasm er ein kvartett som spelar melodisk, utfordrande og gjennomført rock, med fokus på godt samspel og slagkraftig dynamikk, og fekk heiderleg omtale etter opptreden på Raumarock i år. Bandet består av Hans Robert Bondhus - Gitar/Programmering, Christer Moe Gjerde - Vokal, Bjarte Øvregård - Bass/Vokal og Øystein Skattebu - Trommer.

Sjekk ut smakebitar på Myspace.com/OfficialChasm!

SKAM
er avkoket frå studentstaden Volda på Sunnmøre - eit godt innsausa skaband, basert på muntre rytmar og dyriske blåse-temas. Etter oppstarten hausten 2006 har dei hatt titals konsertar på heimebane og rundt om i Noregs land. SKAM er straks ferdig med ny EP og vil ta Norge og resten av verden med storm. Nei, det er ingen SKAM å møte opp på Rust førstkommende fredag. Dette blir en SKAMmelig bra kveld med SKAMløs underholdning og SKAMusikk til den store gullmedaljen!  Skam er særs godt likti musikk/studentmiljøet i Volda/Ørsta og gav oss ein heidundrande konsert då dei gjesta Rust i Mai.

Skam består av sju viltre gutar, og ei sjarmerande jente. Øystein Skattebu; trommer. Sigve Kristoffersen; bass. Marius Myrvold; Gitar. Jonathan L. E. Fishel - piano. Ole Martinus Breivik; trombone. Øyvind Hessen; vokal og trompet. Ingrid Sæbø; saksofon og ikkje minst Ørstas eigen Øyvind Krøvel på trompet

 


Pil Til lista for tidlegare arrangement