Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
GLENN HUGHES & COME TASTE THE BAND

Dato: 27.06.08
Type: Konsert
Glenn Hughes & Come Taste the Band
An Evening of Deep Purple
Glenn Hughes fra Deep Purple på eksklusiv turnè!
Glenn Hughes er ikkje berre ein av rockens aller største vokalistar, han har også fronta to av dei viktigste og største banda i rockehistoria. Som frontmann både i Deep Purple og Black Sabbath har Glenn Hughes for lengst oppnådd legendestatus!
Det var i bandet Trapeze at han først slo gjennom, men det store gjennombruddet kom med Deep Purple og millionselgeren Burn i 1974. Albumet står igjen som ein bauta i rockehistoria og ble som oppfølgaren Stormbringer en stor kommersiell suksess.
I 1986 starta han det meget vellykkede samarbeidet med Tony Iommi, den gong i Black Sabbath. Dei gav ut skiva Seventh Star og sida har Hughes og Iommi gjort fleire plateprosjekt saman, sist på kritikarroste Fused fra 2005.
Dei siste åra har Glenn Hughes budd i Los Angeles og fokusert på si solokarriere. Han har bl.a. gitt ut skivene Songs in the key of Rock (2003), Soul Mover (2005) og Music For the Divine (2006) og har blitt ein kritikarfavoritt. Hans status blir stadig bekreftet, bl.a. på siste studioskive der Dave Navarro – gitar og Chad Smith – trommer fra Red Hot Chili Peppers er med.
No er Glenn Hughes og Come Taste the Band klar for en eksklusiv turnè der dei skal fokusere på låter frå Glenn`s tid i Deep Purple. Gjer klar for eit sjeldant og magisk gjenhør med låtar som Burn, Mistreated, Stormbringer, You Keep On Moving og mange fleire.
BILLETTAR I SAL VED www.billettservice.no
ELLER VED POSTEN OG NARVESEN
OBS! KUN 300 BILLETTAR.
www.glennhughes.com
www.myspace.com/glennhughesonline
www.cometastetheband.com

