Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
VALENTOURETTES

Dato: 17.11.07
Type: Konsert
Valentourettes har vore eit band mange ønskar seg til Rust, det finnast mange "Jokke"-fans rundt om i distriktet og er kjem sjansen. Laurdag 17. november kl. 22.00 entrar dei scena.
Valentourettes er ei samling av dei to banda til Jokke (Joachim Nielsen(1964-2000)): Valentinerne(1982-1995) og Tourettes(1996-2000). Bandet vart starta i 2003 då Stavanger Punkrockfestiva tok intiativet til ein samling av Valentinerne og Tourettes. Etter ein glimrande konsert under festivalen vart dei einige om at Valentourettes skulle fortsetta med føra Jokke sin musikk vidare. I den nye knallgruppa på fire var dei tre Jokkeveteranane Petter P, Petter B og Kula. På sang fekk den unge og lovande Vidar Rugseter frå Porsgrunn sjansen. På tampen av 2006 slutta Vidar i Valentourettes og Tarjei Foshaug(alias Strangle Gentle frå Trash Can Darlings) vart ny sangar i bandet.
Musikarar: Petter Pogo(bass), Petter Baarli(gitar), Runar Johannesen(slagverk), Tarjei Foshaug(sang).
Billettar selgast v. Ørsta Bowling og Mix Volda
RUST DJ´S DISKAR ETTER KONSERTEN CA. KL. 23.30. PLASS TIL FLEIRE..

