Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
RUST 5 ÅR - KLYPA OG BRYGGEDANS

Dato: 23.06.07
Type: Festival
Denne helga er det 5 år sidan Rust opna dørene første gong. Vi feirar femårsdagen og Jonsok med bryggedans og suksessen "klypa".
Klypa-karane har slege alle publikumsrekordar på Rust og vi er no klare for somarens store høgdepunkt. I fjor var det nermare 2000 tilskodarar og folket storkosa seg i fineveret. Laurdag 23. juni vert det for tredje året på rad, arrangert folkefest på kaia utanfor Rust. Alle som har sett eller høyrt om "klypa" vil no få sjansen å sjå dei att ute under fri himmel.
Vi set opp telt, scene, barar, matstasjonar og sitjeplassar utandørs og skulle det kome nokre dråpar kan ein stå tørrt. Vi har i tillegg til utescena og telt-område, også Svalbar, Rust og Minibar slik vi har rikeleg med plass innandørs og ekstra kapasitet på barar og toalett.
Etter klypa vert det dans på utescena med "Snoopy" og "Listen To The Band" heilt til kl. 02.00. "Gamlegutta" i "Snoopy" består av Ove Røv, Mads Ryste, Stig Krøvel, Gutte Hovde og med seg i år har dei Pia Hovde. Dei har øvd inn sine kjæraste låtar og serverar eit sett med slagerar frå 60 - 70-talet.
Dei litt yngre "Listen to the band" består av Atle Braute, "Siggen" Follestad, Frode Sundnes og Jan Gunnar Åkre. Dei leverar to sett allsidig musikk frå åra 1970 - 2007- plukka frå øverste hylle. Inne på Rust vert det DISCO og på SvalBAR spelar vi "vaksen" go-musikk.
Portane opnar kl. 20.00
NB!! max kapasitet 1500.
BILLETTSAL v. ØRSTA BOWLING OG MIX VOLDA.
DU KAN OGSÅ KJØPE BILLETTAR GJENNOM BILLETTSERVICE: www.billettservice.no og ved deira utsalgssteder - Posten og Narvesen.

