Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
DISCO m DJ RUNE OG DJ SKATEBÅRD

Dato: 16.04.11
Type: Show / Disko
Som alltid syt Rust Dj's for den beste dansemusikken.
Denne gongen syt vi for ekstra god stemning når DJ Skatebård (frå SideBrok) tek turen og diskar saman med DJ Rune på scena!
DJ Rune er kjent som regionens beste DJ. Han er Resident Dj på Rust og har vår med på å gje uteplassen dagens preg.
Han byrja karriera på 80-tallet og har jobba som profesjonell DJ sidan 1996, og har spelt på mange forskjellige uteplassar over heile landet. Han har blant anna vore
resident Dj på Studenten (1999-2006) Studenten var då ein av dei største og mest populære utestadane i Oslo.
DJ Rune er kjend for kvalitet og fullt golv!
DJ Skatebård ga ut sit første album, Skateboarding was a Crime (In 1989), i 2002 og har gitt ut totalt tre soloalbum. For albumet Cosmos ble han nominert til Spellemannprisen 2008 i klassen elektronika.
Ikkje minst er han kjend frå rappegruppa SideBrok som er ifrå Hovdebygda i Ørsta.
Skatebård har hatt fleire spelejobbar i dei største byane i Europa og er kjend for sin tøffe electro/pop/techno-stil.
Aldri før har DJ Rune og DJ Skatebård stått ilag på ei scene så dette blir veldig spennande og vanvittig tøft! Vi gledar oss!!
Billettar selgast i døra.

