Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
TURBONEGRO support: King Midas og 16th Valve

Dato: 19.08.05
Type: RUST-ROCK 2005
Rust er stolte av endeleg å kunne presentere TURBONEGRO for første gong i Ørsta. Bandet har stått høgt på ønskelista lokalt og har vore mykje omdiskutert. NO kjem dei endeleg og vi ventar i spenning.
KING MIDAS har tidlegare spelt for eit fullsatt Rust. Med sin ferske "The Jaguars" har KING MIDAS fått velfortjent mykje skryt, og sjølvtilliten fra suksessen Romeo Turn fra 2003 har gjeve eit enda betre album. Livemesseg manglar King Midas ingen verdens ting. I tillegg til det deilige lydbildet på sine to siste plater pøser King Midas på med akkurat det lille ekstra for å få den forløysande livefølelsen.
16TH VALVE er eit lokalt talent og stakk av med seieren under rustrock-"battle of band" i Desember. Dei unge musikantane frå Volda imponerar med sin melodiøse rocke-sound og er vel verdt å legge til merke.
BREED (inne på rust) er eit relativt nystarta band beståande av erfarne musikantar frå rundt om kring i landet. Bandet spelar hardcore rock, og tross deira korte eksistens jobbar dei i disse dagar med si første plate.
RUST::ROCK::2005 vert på ein måte arvtakar etter den no nedlagde Ørstafestivalen. Det starta opprinneleg som ein konkurranse i Desember der alle band som ynskte, kunne melde seg på. Vi fekk særs mange deltakarar og ein jury valgte ut ein vinnar som skulle få varme opp for eit kjent band/artist i løpet av 2005. I Desember er vi igjen klar med konkurranse og vinnaren får opne RUST::ROCK::2006. Vi vonar dette fell i smak for publikum slik også dette kan verte eit årleg innslag.
Portane opnar kl. 19.00
BILLETTAR i salg frå 8. JULI. på POSTEN og BILLETTSERVICE
Kjøp billettar på ditt nærmaste Postkontor,
eller ring BILLETTSERVICE på tlf. 815 33 133
Du kan også bestille billettar online på www.billettservice.no

