Søk rustclub.no
SMS-påmelding (Gratis)
Nyheitsbrev-påmelding
ROCK N ROLL PÅ RUST!

Dato: 25.05.12 22:00
Pris:
Type: Diverse
24. - 27. mai arrangerar AmCar-klubben Ørsta/Volda SUNNMØRSTREFFET 2012.
I den anledning vert det rock 'n roll på Rust fredagskveld, vi satsar på fullt hus og rock n' roll-stemning i baren.
Bryggedans med Listen to the Band!

Dato: 26.05.12 20:00
Pris: 200
Type: DANS
I anledning Sunnmørstreffet 2012, arrangerast det bryggedans på Rust!
Vi set opp telt, scene, barar, og sitjeplassar både ute og inne. Sist bryggedans vart fylt til randa med 1500 mennesker, så ver ute tidleg!
Frå kl. 20:00 til 02:00 vert det grillings, der folk har moglegheit til å få i seg herleg grillmat før og under konserten!
Listen to the Band spelar opp til dans, og for dei uinvidde kan ein sei at firkløveret er stadig å sjå på dei nordvestlandske scenene, i ferd med å spre musikalsk glede på bygdedans, julebord, skipsdåp, revy eller andre eventjobbar.
Listen to the Band er eit resultat av reindyrka, gnistrande
og smittande speleglede frå første til siste akkord, og til bryggedansen har dei med seg Knut Eilifsen, sist sett på TV 2-programmet "The Voice".
Bandet har for vane å tilpasse repertoar og volumetter arrangement og alder på publikum.
Den musikalske spennvidda er stor, men så langt har dei galant klart å unngå å ramle i svensktopp-fella.
Bandet leverer coverlåtar frå tidleg 70-tall og fram til i dag som perler på ei snor, kjemisk fritt for midifiler og trommer på boks.
Frå det norske musikkuniverset dukkar gjerne låtar frå artistar som Bjørn Eidsvåg, DumDum Boys, Åge Aleksandersen, Henning Kvitnes, Marius Müller, Dance with a Stranger og Jim Stärk opp.
Frå den store vide verda får du høyre låter frå Bryan Adams, Creedence, Eagles, Springsteen, Clapton, Sting, Niklas Strömstedt, James Taylor, Elton John og Michael Jackson, så her har vi mykje godt i vente!
Besetning: Sigbjørn (Siggen) Follestad: Vokal og gitar Jan Gunnar Åkre: Keyboards og vokal Frode Sundnes: Trommer Atle Braute: Bass og vokal.
Det vert også DJ inne på Rust, for dei som vil vere inne!
Ta turen til årets bryggedans, og treff venner og kjente på sommarens første utefest!

